DEL

I år skal talet på lakselus på ville bestandar av laks, sjøaure og sjørøye overvakast frå Porsanger i nord til Tvedestrand i sør.


( 28.05.2015 )

I sør er feltarbeidet alt i gang, mellom anna er det sett ut små vaktbur med laksesmolt i Hardangerfjorden. I Nord-Noreg startar feltarbeidet noko seinare på grunn av lågare temperaturar og dermed seinare lakseutvandring enn i sør. Feltarbeidet held fram til august/september. Så langt som mogeleg vert resultata analyserte parallelt med feltarbeidet. I juni kjem ein foreløpig framdriftsrapport, den endelege rapporten kjem i desember.

 

I starten av mai var forskingsfartøyet ”Hans Brattstrøm” i Hardangerfjorden for å sette ut vaktbur med laksesmolt. Dette er små bur på omtrent ein kubikkmeter som vert plassert like under overflata på utvalde stasjonar. Stasjonane er dei same frå år til år slik at resultata kan samanliknast. Etter 14 dagar kjem forskarane tilbake til vaktbura for å telje kor mykje lus kvar enkelt smolt har på seg. Slike vaktbur skal også settast ut i Romsdal, Namsen-området og Altafjorden.

 

I år er overvakinga noko endra i forhold til tidlegare. I staden for å berre bruke faste lokalitetar, skal også område der Havforskingsinstituttet sin spreiingsmodell for lakselus varslar høg risiko for lusesmitte undersøkast. Kvar veke rapporterar oppdrettarane kor mykje lus oppdrettsfisken har, medan mengde fisk i anlegget vert rapportert ein gong i månaden. Desse tala vert brukte i modellen som grunnlag for å berekne produksjonen av lus. Lusemodellen tek og omsyn til straumen i fjordane og langs kysten, og kan dermed påvise kvar lusa driv og kvar det blir høgt lusepress. For å bekrefte at opplysningane frå modellen stemmer, vil Havforskingsinstituttet i år undersøke villfisk i områda som i følgje modellen skal ha mykje lus. Overvakinga skjer som tidlegare år med hjelp av trål, garn og ruse for å fange villfisk og undersøke kor mykje lakselus fisken har på seg. Det blir i tillegg gjort meir detaljerte modelleringar av områda der lakselus er eit problem for å sjå i detalj korleis lusa spreier seg med straumen.

 

 

Overvakinga er ein del av det nasjonale overvakingsprogrammet av lakselus på villfisk. Havforskingsinstituttet leiar overvakinga som blir gjennomført i samarbeid med NINA og UNI-miljø. Overvakinga er bestilt av Mattilsynet som har hovudansvaret for å overvake sjukdomssituasjonen og kartlegge kva effekt tiltaka mot lakselus har i dei nasjonale laksefjordane.

Målet med overvakinga av lakselus er å få nok datagrunnlag til å evaluere effekten av nasjonale laksefjordar og Mattilsynet sine soneforskrifter, samt å skaffe data for å vurdere lakselus i forhold til miljømessig bærekraft i oppdrettsnæringa. Det er lite fagleg ueinigheit om at lakselus frå oppdrett er hovudkjelda til lakselus på villfisk i område med oppdrettog at lusa kan påverke bestandar av vill laksefisk. Det faglege grunnlaget frå dei seinare åra viser ein klar samanheng mellom mengde lus i oppdrett og mengde lus på villfisk, og ei rekkje nasjonale og internasjonale studiar har vist at lus har effektar på bestandar av vill laksefisk.

 

Data frå overvakinga, saman med tal frå oppdrettarane (talet på lus og mengde fisk) og realistisk modellering av korleis straumane spreiar lus i fjordane og langs kysten, muliggjer ein heilskapleg vurdering av lusesituasjonen i eit område. Desse resultata blir brukte når Havforskingsinstituttet skal gje råd til forvaltninga. I tillegg blir overvakingsdata nytta for å følgje opp forslag til førstegenerasjons målemetode for miljøeffekt (effektindikatorar) som blei utarbeida av Havforskingsinstituttet, i samarbeid med Veterinærinstituttet og NINA, for å kunne vurdere kor mykje lakselus frå oppdrett påverkar viltlevande bestandar av laksefisk.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.