DEL

I førre veke var fiskeriminister Per Sandberg på bedriftsbesøk hjå Nordic wildfish på Valderøya.


( 18.01.2016 )

Der presenterte dagleg leiar Tore Roaldsnes Nordic wildfish sitt hydrolyseprosjekt som tar høgde for å utnytte 100 prosent av fisken som reiarlaget fiskar.

– Vi arbeider dagleg med ei rekkje forskings- og utviklingsprosjekt, og eit av disse er hydrolyse – som gjer oss i stand til å tilverke alt restråstoff – og såleis ei betydelig auke i verdiskapinga. Dette støttar opp under våre verdiar knytt til bærekraftig fangst- og miljøvennleg produksjon, seier Tore Roaldsnes.

Støtta av Innovasjon Norge

Hydrolyseprosjektet vil bli sett i kommersiell drift i mars i år om bord i frysetråleren ”Molnes”, som nå er under ombygging ved Vard Søviknes. Prosjektet er støtta av miljøteknologiordninga i Innovasjon Norge.

– Som andre fiskebåtreiarlag må vi halde oss til rammene i kvotegrunnlaget, og utnytte verdiskapingspotensialet innafor det. Derfor har vi endra oss frå å vere ein leverandør av råstoff, til å verte ein sterkt marknadsorientert organisasjon. Vi arbeider stadig for å korte ned avstanden mellom havet og marknaden, både med tanke på sal, kvalitet og effektiv ressursutnytting.

Eit av dei største

Nordic wildfish (tidlegare Roaldnes), som vart etablert i 1917, er eit av dei største fiskeriselskap i Noreg. Verksemda sysselsett 150 tilsette, og den totale omsetninga i 2015 var på om lag 450 millionar kroner.

 

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.