DEL

Fiskeridirektoratet vil frårå den foreslåtte ordninga med auke på fem prosent tillatt biomasse i oppdrett.


( 02.10.2014 )

Tidlegare i år sende Nærings- og fiskeridepartementet ut eit forslag på høyring om å auke den tillatte biomassen i oppdrett med fem prosent per tillatelse, med krav om at ei lusegrense på 0,1 prosent vaksne holus blir fulgt innanfor maksimalt to behandlingar med medikament på alle lokalitetar knytt til tillatelsen.

 

Høyringsfristen gjekk ut 1. oktober, og Fiskeridirektoratet trur ikkje forslaget om auka biomasse knytt til strengare lusekrav er gjennomførbart, slik lusesituasjonen er no. I tillegg meiner direktoratet at forslaget vil medføre meir unødig byråkrati ved at ordninga vil gjere ting meir kompliserte for næringa. 

— Vi ser utfordringar knytt til ei ny ordning, samstundes som vi framleis ikkje har sett effektane av dei siste kapasitetsaukane. Vi tilrår Nærings- og fiskeridepartementet å vente til etter at Stortingsmeldinga om vekst i havbruksnæringa blir lagt fram neste vår, før vi eventuelt får nok ein auke i tillatt biomasse, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

 

Fiskeridirektoratet peikar på at langsiktige og enkle kriterier fundamentert i ei Stortingsmelding er langt meir hensiktsmessig enn fleire mindre, ulike og stadig nye løysingar, som krev ekstra ressursar av både næring og forvaltning.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.