Ti nye rekrutteringskvotar til fiskaryrket
- Vi er heilt avhengige av at fiskeflåten kan trekkje til seg engasjerte og interesserte unge fiskarar, sier fiskeriministeren. Illustrasjonsfoto..

Ti nye rekrutteringskvotar til fiskaryrket

- Vi er heilt avhengige av at fiskeflåten kan trekkje til seg engasjerte og interesserte unge fiskarar, sier fiskeriministeren. Illustrasjonsfoto..
DEL

– Vi er heilt avhengige av at fiskeflåten kan trekkje til seg engasjerte og interesserte unge fiskarar. Eg har derfor bestemt at det skal lysast ut inntil ti nye rekrutteringskvotar for 2016, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.


( 12.05.2015 )

Sidan 2009 har departementet årleg lyst ut nye deltakarløyve, også kjent som rekrutteringskvotar, til unge fiskarar som eig fiskefartøy. Målet er å gjere det lettare å etablere seg som fartøyeigar og å sikre rekruttering til fiskaryrket.

Ordninga er berre for fiskarar under 30 år som eig fartøy. Dersom fleire enn ti fiskarar oppfyller vilkåra for nytildeling, vil søkjarar med utdanning i kombinasjon med fartstid bli prioriterte. Departementet har gjort to justeringar i høve til ordninga i fjor for å motverke forsøk på å omgå regelverket.

– Justeringane inneber at vi ryddar opp i vilkåra for tildeling og det vil bidra til å styrkje legitimiteten til ordninga, seier fiskeriministeren. Fiskeridirektoratet vil om kort tid lyse ut rekrutteringskvotane.

Om justeringane i høve til ordninga i fjor

  • Det vil bli tildelt ei fast heimelslengd på 11 meter for alle nytildelte deltakarløyve,  jf. forskrifta § 5 tredje ledd. Tidlegare er det lengda til fartøyet på ein gitt skjeringsdato som har vore avgjerande. Denne justeringa vil motverke at søkjarar kjøper eit fartøy mellombels for å sikre seg større heimelslengd enn dei elles ville få tildelt.

 

  • Det blir innført ein skjeringsdato for når ein søkjar må ha erverva fartøyet, jf. forskrifta § 3 første ledd bokstav d. Dersom søkjaren ikkje eig fartøyet på søknadstidspunktet, må det vere kjøpt innan 1. januar 2016. Denne justeringa vil bidra til at det ikkje blir tildelt deltakarløyve til søkjarar utan realistiske planar om å kjøpe fartøy.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.