DEL

Det har oppstått tvil om reguleringa av kystfisket etter hyse tek omsyn til strukturkvotar på fartøynivå. For å klargjere at strukturkvotar skal gje utteljing både på garantert kvote og på maksimalkvote, har fiskerimyndighetene justert kvotereguleringa i forskrifta.

 


( 11.02.2013 )

[raw]

Maksimalkvotane er no fastsett etter same kvotestige som for garanterte kvotar. Dette er gjort for å få ein betre samanheng mellom garanterte kvotar og maksimalkvotar med strukturkvotetillegg.

Endringa fører til ein viss auke i maksimalkvota for nokre grupper. Maksimalkvotane vil etter dette følgje etablert kvotestige slik dei garanterte kvotane i gjeldande regulering gjer. Fartøya får utteljing for strukturering både med omsyn til garanterte kvotar og maksimalkvotar etter same modell som konvensjonelle kystfartøy sitt fiske etter torsk nord for 62°N. Vidare har departementet etablert gruppekvotar etter Finnmarksmodellen.

Gruppekvotane er basert på sum faktorar innanfor dei ulike lengdegruppene i staden for ein felles gruppekvote. Etablering av gruppekvotar fører til eige stoppgrunnlag for kvar lengdegruppe. Gruppekvotane er som følgjer:

Fartøygruppe Faktorar Gruppekvote Kvoteeining m/ overreg
Under 11m 2 317,10 11 619
11 – 14,99m 2 329,34 11 680 35,00
15 – 20,99m 2 600,62 13 044 21,10
21m – 500m3 1 522,52 7 635 25,50
Totalt 8 769,58 43 978

Fiskeridirektoratet vil følgje fisket nøye. Det vil om nødvendig bli sett maksimalkvotar også for fartøy under 11 meter heimelslengde. Fisket kan bli stoppa på kort varsel. Reguleringsmodellen for fisket etter hyse vil bli nærare vurdert i samarbeid med næringsorganisasjonane med tanke på reguleringa av fisket i 2014.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.