DEL

Ein ny og betre bestandsmodell har ført til at gytebestanden for nordaustarktisk hyse er oppjustert til det dobbelte.


( 28.05.2015 )

Gytebestanden for 2013, som opphavleg var estimert til 340 000 tonn, er no dobla. Det skjedde etter metoderevisjonsmøtet for torsk, hyse og lodde i ICES (Det internasjonale råd for havforsking) i januar. På møtet vart metodikken for utrekning av hysebestanden i Barentshavet gjennomgått og revidert. Gytebestanden av hyse vart oppskriven, medan bestanden av unghyse endra seg lite.

 

Dei sterke årsklassene 2004–2006 ser ut til å vere endå sterkare enn ein tidlegare har rekna med. Rapporten frå metoderevisjonsmøtet vart offentleggjort i april (WKARCT 2015). Havforskingsinstituttet gjorde greie for endringa på eit møte i referansegruppa for ressursforsking i midten av mai. Både representantar for næringa og forvaltinga var til stades på møtet. Det ligg ikkje føre noko revidert kvoteråd for 2015 frå ICES. Kvoteråda for 2016 for hyse og andre botnfiskbestandar i Barentshavet blir offentleggjorde 12. juni.

Figur hyse 2015

Bestandsestimat for nordaustarktisk hyse frå 2014 og revidert estimat etter metoderevisjonsmøtet WKARCT 2015.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.