DEL

Det bør ikkje fiskast lodde i Barentshavet til neste år, anbefaler ICES. Framskrivingane syner at bestanden mest truleg vil vera under kritisk nivå i 2016, sjølv utan fiskeri.


( 13.10.2015 )

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) offentleggjorde 2016-kvoterådet for lodde i Barentshavet i dag. Kvoteanbefalinga er på 0 tonn. Lodderådet for 2015 var på 6 000 tonn, medan kvoten vart sett til 120 000 tonn.

Liten loddebestand

– Vi målte lite lodde på toktet tidlegare i haust. Bestanden er under ein million tonn, og den modnande delen, som det vert fiska på, er berre halvparten av det igjen. Då er det i praksis ikkje rom for å tilrå noka fiskeri på lodda, seier Georg Skaret, som er bestandsansvarleg for lodde på Havforskingsinstituttet.

Beiting og endra planktonforhold

Loddebestanden er under hardt press. Loddekollapsane før om åra har i all hovudsak skuldast dårleg rekruttering. Det er ikkje tilfellet denne gongen.

– Den stor torskebestanden har beita hardt på lodda. Dei siste åra har vi dessutan registrert dårleg vekst hos lodda. Det har truleg samanheng med at samansettinga av plankton i Barentshavet har endra seg, forklarar Skaret. Han legg til at det heldigvis ser lyst ut for rekrutteringa. Det vart funne ein god del loddeyngel (0-gruppe) i Barentshavet under årets loddetokt.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.