DEL

Biprodukt frå kylling og svin i kosten har positiv innverknad på helsa til laksen, viser ein studie utført av NIFES.


( 11.04.2016 )

I eit fire månader langt fôringsforsøk med Atlantisk laks fekk nokre av fiskane fôr med ingrediensar av animalske biprodukt frå kylling og svin, medan resten fekk fôr som inneheldt mykje planteingrediensar. Målet var å finne ut om feitt og protein frå animalske biprodukt i kosten førte til endringar i helsa til laksen.

– Vi var trygge på at dei animalske biprodukta vi hadde valt ut var av god ernæringskvalitet. Vi hadde likevel ikkje sett føre oss at dei ville gi så klare positive effektar på fettomsetninga i laksen, seier NIFES-forskar Nina Liland.

Det viste seg nemleg at laksen som hadde fått animalske biprodukt i fôret, hadde mindre feitt i levra enn laksen som fekk planteingrediensar i fôret. Økt lagring av feitt i levra er hos laks, som hos menneske, eit teikn på ubalanse i kroppens metabolisme, og kan mellom anna kome av feilernæring.

Kan vere ein fordel

Tidlegare forsøk har vist at mykje planteråvarer i fiskefôr kan gi meir feitt i levra til laksen. Biprodukt frå landdyr inneheld fleire næringsstoff som det finnes lite av i mange planteråvarer, som til dømes metta feitt og kolesterol. Fiskeoljer inneheld òg desse næringsstoffa, og det er difor mogleg at laksen treng visse nivå av desse næringsstoffa i dietten.

– Det kan absolutt sjå ut til at det kan vere ein ernæringsmessig fordel for laksen med biprodukt frå landlevande dyr i fôret, seier Liland.

Jaktar på gode råvarer

Avgrensa tilgang til marine råvarer som fiskemjøl og fiskeolje har dei siste ti-femten åra ført til eit kontinuerleg søk etter gode råvarer til bruk i laksefôr. Per i dag er det hovudsakeleg planteingrediensar som erstattar dei marine råvarene i det norske laksefôret.

– Etter utbrota av kugalskap i Europa på 1990-talet, vart det innført restriksjonar på å bruke animalske biprodukt i produksjon av menneskemat i EU og EØS, fortel Nina Liland.

Animalske biprodukt er dei delane av dyret som ikkje blir brukt i mat til menneske. I juni 2013 vart det igjen opna for bruk av proteinkjelder frå landdyr, med unntak av drøvtyggjarar, i fiskefôr.

Stor variasjon

Kvart år blir det produsert 15 millionar tonn animalske biprodukt i Europa. I forkant av fôringsforsøket utførte NIFES analyser av næringssamansetjing og fordøyelegheit i produkt frå ulike kjelder og leverandørar. Produkta som kom best ut i testane, vart brukt i forsøket. Dette var protein-mjøl og feitt frå kylling og blodmjøl frå svin.

 

 

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.