DEL

Rolls-Royce har signert kontrakt på levering av design og utstyr til ein brønnbåt som skal byggast for det norske reiarlaget Sølvtrans ved Kleven, Myklebust verft.


( 15.06.2015 )

Dette er Rolls-Royce sin tredje båt av denne typen til Sølvtrans. Dei to første vart levert frå eit verft i Spania. Kontrakta har ein opsjon på bygging av eit farty nummer to hos Kleven. Sølvtrans held til i Ålesund og er eit av verdas største brønnbåtreiarlag for transport av levande laks og aure. Kontrakta vart offentleggjort under feiringa av Kleven si 100-årsdag.

 

Den nye brønnbåten er av Rolls-Royce design, type NVC 387. Fartyet er designa med tanke på optimale forhold for fisk og mannskap. Baugforma bidreg til å redusere bølgjemotstanden, slik at fartyet kan bruke mindre drivstoff, også i grov sjø.

 

– Sølvtrans bestiller farty med høge krav til teknologi og miljøløysingar. Vi er stolte over å bli valt p å nytt når reirlaget skal fornye flåten sin. Vårt innovative skipsdesign vil gje god driftsøkonomi i tillegg til låge utslepp, seier Monrad Hide, salssjef ved designavdelinga til Rolls-Royce i Ålesund.

 

Brønnbåten får ein kapasitet p å 3200m3, og kan frakte opp mot 500 tonn levande fisk fordelt på tre tankar. For å kunne frakte levande fisk effektivt og sikkert frå oppdrettsanlegg til fiskeforedlingsfabrikkar på land, trengs det romslege temperaturkontrollerte tankar i lasteromet på båten, med god sirkulasjon og gjennomstrøyming av vatn. Målet er at forbrukarane skal få fisken på bordet så fersk som råd.

 

Båten vert ustyrt for transport i eit lukka system som ikkje gir utslepp til sjø, og tankane vert ustyrte med filter og system for oppsamling og destruering av lus. I tillegg til design og engineering, skal Rolls-Royce også levere ein stor utstyrspakke med mellom anna thrusterar, ror og styremaskin, elektrosystem, automasjonsanlegg og vinsj. Forventa leveringstidspunkt frå verftet er mars 2017 for denne siste kontraheringa.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.