Vil styrke næringa sitt omdømme

– Ved hjelp av eit risikobasert tilsyn ynskjer vi i større grad å kunne skilje ut næringsaktørar med grove eller gjentekne brot på regelverket, seier seksjonssjef Henrik Hareide ved den nyoppretta tilsynsseksjonen ved kyst- og havbruksavdelinga.

Tilsynsseksjonen er etablert for ha kapasitet til å føre tilsyn med og avdekkje alvorlege brot på akvakulturregelverket. Slike brot er ein trussel mot miljøet og dessutan øydeleggjande for næringa sitt omdøme. Vi ynskjer å endre denne åtferda.

 

Viktig å vere truverdig
– Eit truverdig tilsyn vil bidra til ei truverdig næring. Dette er viktig både for direktoratet og for næringa, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

 
I 2010 fekk direktoratet auka bevilling til akvakulturtilsyn med 10 millionar. I 2011 har dette materialisert seg med auka kapasitet med sju nye stillingar i regionane og fem nye stillingar i Bergen. Med interne omprioriteringar vil den nyoppretta tilsynsseksjonen i Bergen telje ti personar.

 

– Vi har fått betre kapasitet til å ivareta vår primæroppgåve, som er å hindre rømming frå akvakulturanlegg. Tilsyn kan vere negativt lada for enkelte, men vi er ute etter å skape positiv effekt både for næringa og samfunnet elles, seier Hareide.

 

Regionane er tilsynet
Fiskeridirektoratet sine regionkontor driv det operative arbeidet og dette skal vidareutviklast og gjerast sterkare.

 

– Akvakulturtilsynet er først og fremst dei tilsette i regionane. Tilsynsseksjonen i Bergen er ein støttefunksjon for desse og for fiskeridirektøren, fortel Hareide.

 

Fiskeridirektoratet er i gong med å lage ein tilsynsdatabase og eit meir automatisert system for risikoanalyse. Dette skal resultere i betre erfaringsformidling av god praksis og eit meir målretta tilsyn.

 

Ynskjer samarbeid
Næringa utviklar seg svært fort og det er utfordrande å halde følgje. Direktoratet må ha ein tilsynsmetodikk som også sikrar rettstryggleiken til oppdrettarane. Nå det vert avdekka brot på regelverket må dette dokumenterast skikkeleg.

 

– Regelverket skal underbyggje miljømessig berekraft i næringa. Mange i næringa er opptekne av dette og driv på ein god måte. Ved hjelp av tilsyn ynskjer vi å endre praksis hjå dei som ikkje gjer det. Dette vil vere positivt for næringa som heilskap, meiner Hareide.

 

Direktoratet sitt overordna mål er å bidra til verdiskaping og vidareutvikling i næringa. Vår oppgåve er å føre tilsyn med næringa slik at ein oppnår ei berekraftig og sunn næringsutvikling. Ny teknologi og ny driftspraksis er viktige grep for å sikre dette.

 

Når det trengs har direktoratet ulike sanksjonsmuligheiter som pålegg, tvangsmulkt og å politimelde brot på regelverket, men vi legg opp til stor grad av sjølvjustis- og kontroll gjennom internkontrollsystem og rettleiing.

Luseeksperter samles i Bergen

Verdens beste lakseluseforskere samles i Bergen fra 20. til 23. mai for å dele kunnskap på den inter...

Vil bevare kystarbeidsplasser i nord

– Konsernsjefene i Norway og Aker Seafoods skyver foran seg en globalisering de selv er drivkraften ...

Satser friskt på videreforedling i Marokko

Det er flere marokkanske selskap som nå satser friskt på videreforedling av norsk laks i Marokko, og...

Årets beste klippfisk 2012

Norges Råfisklag, Norges sjømatråd, Kristiansund kommune og Nordmøre Fiskebåt har invitert landets v...

Mer fisk og tryggere arbeidsplasser

Norway Seafoods og Aker Seafoods presenterte nylig tilrådningene fra utredningen «Konkurransekraftig...