Skal sikre velferd for steril laks

Sterilisert laks blir sett på som ei mogleg løysing på problemet med rømt oppdrettsfisk

Skal sikre velferd for steril laks

NIFES skal sjå på korleis steril laks kan få betre helse gjennom endra ernæring.

Sterilisert laks blir sett på som ei mogleg løysing på problemet med rømt oppdrettsfisk, sidan han ikkje kan formeire seg med villfisk. Men fleire problem gjenstår å løyse før han kan setjast i produksjon i stort omfang.
 

Desse problema skal no fleire forskingsinstitusjonar prøve å løyse gjennom eit treårig prosjekt i regi av Havforskningsinstituttet, finansiert av Forskningsrådet. NIFES skal studere korleis ernæring kan påverke vekst og velferd hos såkalla triploid laks. Triploid laks blir sterilisert gjennom endring av arvestoff med hjelp av varme- og trykkbehandling av egg.
 

- Vi skal undersøke om vi kan gjere endringar i ernæringa til laksen for å redusere utvikling av beindeformitetar og katarakt (grå stær), som kan oppstå i produksjonen av triploid laks, seier forskingssjef ved NIFES Rune Waagbø.


 
Tidlegare forsking ved NIFES tyder nettopp på at samansetnaden av fôret er avgjerande for utviklinga av desse tilstandane. Også klimaforskinga ved NIFES skal koplast på prosjektet.


 
- Vi skal finne ut meir om kva temperaturar  triploid laks trivst best i. Indikasjonane vi har så langt viser at høge havtemperaturar kan skape utfordringar. Spørsmålet blir då om dette er noko vi kan bøte på med tiltak som endra ernæring, eller om produksjon av triploid laks må avgrensast til kalde havområder, til dømes i Nord-Noreg, seier Waagbø.

Luseeksperter samles i Bergen

Verdens beste lakseluseforskere samles i Bergen fra 20. til 23. mai for å dele kunnskap på den inter...

Vil bevare kystarbeidsplasser i nord

– Konsernsjefene i Norway og Aker Seafoods skyver foran seg en globalisering de selv er drivkraften ...

Satser friskt på videreforedling i Marokko

Det er flere marokkanske selskap som nå satser friskt på videreforedling av norsk laks i Marokko, og...

Årets beste klippfisk 2012

Norges Råfisklag, Norges sjømatråd, Kristiansund kommune og Nordmøre Fiskebåt har invitert landets v...

Mer fisk og tryggere arbeidsplasser

Norway Seafoods og Aker Seafoods presenterte nylig tilrådningene fra utredningen «Konkurransekraftig...