Nytt system for stenging og åpning av fiskefelt

Det er nå innført et nytt system for stening og åpning av fiskefelt. Illustrasjonsfoto: Jostein Saltskår, Havforskningsinstituttet.

Nytt system for stenging og åpning av fiskefelt

- For å beskytte yngel og småfisk, og for å redusere faren for utkast av fisk, blir det no innført eit nytt system for stenging og opning av fiskefelt i Nordsjøen og Skagerrak, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

På representantskapsmøtet i Fiskebåtredernes Forbund i går lanserte fiskeri- og kystministeren det nye norske systemet for stenging og opning av fiskefelt i norske farvatn sør for 62°N.

 

I Barentshavet har det i nærare 30 år vore etablert eit system der fiskefelt blir stengde dersom det er for stor innblanding av undermåls fisk. Den svært positive bestandssituasjonen for norsk arktisk torsk viser at ein effektiv beskyttelse av ungfisk er ein viktig del av ei berekraftig forvaltning.

 

- Den norske forvaltninga er bygd opp rundt tiltak som bidreg til at fiskarane ikkje får uønska fangst, spesielt yngel. Målet er at fisken skal bli stor nok til å vere med i reproduksjonen av bestandane. Det som ikkje kjem om bord vil heller ikkje kunne kastast ut. Eit dynamisk system for stenging og opning av fiskefelt er derfor også ein viktig del av den norske politikken for å hindre utkast av fisk, seier Lisbeth Berg-Hansen.
 

Systemet i Nordsjøen og Skagerrak skal baserast på prøvetaking av fangstar på feltet, og dersom innblandinga av undermåls torsk, hyse, sei og kviting overstig 15 prosent av fangsten rekna i talet på fisk vil eit område på inntil 500 kvadratnautiske mil i Nordsjøen og 250 mil i Skagerrak kunne stengast. Etter 14 dagar vil eit stengt felt automatisk bli opna igjen så framt det ikkje er gjort nye undersøkingar som tilseier at stenginga bør vidareførast.

 

Luseeksperter samles i Bergen

Verdens beste lakseluseforskere samles i Bergen fra 20. til 23. mai for å dele kunnskap på den inter...

Vil bevare kystarbeidsplasser i nord

– Konsernsjefene i Norway og Aker Seafoods skyver foran seg en globalisering de selv er drivkraften ...

Satser friskt på videreforedling i Marokko

Det er flere marokkanske selskap som nå satser friskt på videreforedling av norsk laks i Marokko, og...

Årets beste klippfisk 2012

Norges Råfisklag, Norges sjømatråd, Kristiansund kommune og Nordmøre Fiskebåt har invitert landets v...

Mer fisk og tryggere arbeidsplasser

Norway Seafoods og Aker Seafoods presenterte nylig tilrådningene fra utredningen «Konkurransekraftig...