Første ringnotfartøy med heilelektrisk framdrift

Som det første norske ringnotfartøyet fekk ringnotfartøyet Harto heilelektrisk framdrift. Den nyleg ferdigstilte Stokke Senior er andre fartøy i rekkja. Systema er identiske for begge fartøya, og dei er levert av STADT AS på Sunnmøre. Systemet baserer seg på at ein har fire generatorsett som produserer all energi som trengs ombord, det vere seg til framdrift,  lys og varme,  vinsjar,  pumper, kompressorar og så vidare.

Den elektriske energien går først inn til ei hovedtavle for så å verte fordelt ut til  ”forbrukarane ”. Eit viktig prinsipp med dette heilelektriske systemet frå STADT, er at diesel-generatorane startar og stoppar automatisk etter som behovet for energi varierer om bord. Når det er liten aktivitet om bord, er det ofte nok å ha i gang berre ein av dei fire generatorane, og når det er stort energibehov ved høg fart er tre eller fire generatorar inne og delar på belastninga. 

 

Eit ringnotfartøy kan i lange perioder ha lavt aktivitetsnivå om bord, som når ein leitar etter fisk, ventar på å få levere, eller går i leia med redusert fart fordi ein skal vere framme på mottaksanlegget til ei fastsett tid. I slike situasjonar er det altså slik at ein stenger av dei dieselmotorane ein ikkje har bruk for. Dei som derimot er i drift går på ein relativt høg belastning, noko som gir god driftsøkonomi og minimale klima og miljøutslepp (CO2, SO og NOX).

 

HARTO har no vore i aktivt fiskeri sidan november i 2009, og driftserfaringane er gode. Drivstofforbruket er minimalisert, samtidig som båten har vorte meir driftssikker og langt meir komfortabel for mannskapet ombord. Støyen om bord er nemleg redusert betydeleg i forhold til tradisjonell framdrift med dieselmotor.
                                                                       
STADT sitt system vil vere veleigna for alle typer fiskefartøy, og er tilrettelagt for nettopp eit heilelektrisk arrangement, fordi systemet redusere dei elektriske overføringstapa til eit absolutt minimum. Mange konkurrentar må bruke store transformatorar for å fjerne elektrisk støy ombord. STADT har klart å fjerne all støy på ein langt meir effektiv måte utan bruk av transformator eller andre komplekse einingar. Systemet er difor kompakt, og mindre komplekst enn det som tidlegare har vore vanleg på slike system.
 
Ein del fiskefartøy har i seinare tid gått inn for såkalla hybride løysingar, der ein installerer både mekanisk framdrift, og ei delvis elektrisk løysing.  Dette er gjort for mellom anna å redusere tapa ved høgt effektuttak.  Med STADT sitt STASCHO-system er dette ivareteke også i det heilelektriske systemet, noko som gir større fleksibilitet til å bruke all energi der ein har bruk for den, enten det er til framdrift eller til andre små og store forbrukarar om bord.

 

Ein ny trend er at stadig fleire nye fiskefartøy  vert spesifiserte med dynamisk posisjonering - DP. Dette gjeld både pelagiske fartøy og linefartøy, der ein vil halde båten i faste posisjonar eller på ein rett kurs for å gjere drifta meir effektiv og sikker. STADT sitt heilelektriske system er svært aktuelt i samband med slike DP system, og selskapet har alt levert sitt framdriftssystem til to skip med DP-2 klasse.

 

Eit heilelektrisk system gir optimal driftsøkonomi, samtidig som driftstryggleiken vert svært høg. Dette fordi ein vert svært lite sårbar ved eventuelle motorhavari. På Harto og Stokke Senior vil dei eksempelvis kunne operere båten med berre ein av fire dieselgeneratorar i drift.

 

Driftserfaringane på skip som har hatt systemet i drift i over eit år er udelt positive, og selskapet har kalkulert at levetida på systemet vil vere meir enn 25 år med minimalt vedlikehald. STADT leverer det nye systemet sitt for alle typer skip, frå fiskefartøy som Harto og Stokke Senior, og opp til offshorefartøy, seismikkfartøy, ferger, cruiseskip etc.

Luseeksperter samles i Bergen

Verdens beste lakseluseforskere samles i Bergen fra 20. til 23. mai for å dele kunnskap på den inter...

Vil bevare kystarbeidsplasser i nord

– Konsernsjefene i Norway og Aker Seafoods skyver foran seg en globalisering de selv er drivkraften ...

Satser friskt på videreforedling i Marokko

Det er flere marokkanske selskap som nå satser friskt på videreforedling av norsk laks i Marokko, og...

Årets beste klippfisk 2012

Norges Råfisklag, Norges sjømatråd, Kristiansund kommune og Nordmøre Fiskebåt har invitert landets v...

Mer fisk og tryggere arbeidsplasser

Norway Seafoods og Aker Seafoods presenterte nylig tilrådningene fra utredningen «Konkurransekraftig...